Andrej Sannikaw Fotnotar | NavigasjonsmenyПра кампанію «Еўрапейская Беларусь»Андрей Санников зарегистрирован кандидатом в президенты Беларуси Amnesty International"Кандидат в президенты отсидит как президент"Andrei Sannikov: democratic world is too complacent about BelarusBRUNO KREISKY PRIZE
EinskildmennFødde i 1954Kviterussiske politikararFolk frå Minsk
kviterussiskrussiskkviterussiskPakistanEgyptNew YorkFNSovjetunionensMoskvaSveitsAljaksandr LukasjenkaDen europeiske unionenAmnesty InternationalsamvitsfangeAmnesty InternationalUSAEuropaparlamentetStorbritanniaLondonengelskfranskausterrikskeBruno Kreisky
Andrej Sannikaw
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Andrej Sannikaw | |
| | |
| Fødd | 8. mars 1954 Minsk |
|---|---|
| Nasjonalitet | Kviterussland, Sovjetunionen |
| Yrke | diplomat |
| Utdanna ved | Moscow State Linguistic University |
| Ektefelle | Iryna Khalip |
Andrej Aljehavitsj Sannikaw, kviterussisk Андрэй Алегавіч Саннікаў, russisk Andrej Olegovitsj Sannikov (fødd 8. mars 1954 i Minsk) er ein kviterussisk politikar og samfunnsaktivist. Han var kandidat ved presidentvalet i Kviterussland i 2010, og kom på 2. plass ifølgje dei offisielle resultata. Frå 2012 har han budd i eksil i London.
Sannikaw vart utdanna ved fakultetet for omsetjing ved Statsinstituttet for framandspråk i Minsk, der han var ferdig i 1977. Han jobba på V.I. Kozlov elektrotekniske fabrikk i Minsk, og deretter i Pakistan og Egypt for oljeselskap og under bygging av ein aluminiumsfabrikk. I 1980-81 jobba han for Foreininga for internasjonalt vennskap. Frå 1982 til 1987 var han i New York ved FN-hovudkvarteret, og i 1989 fullførte han ei utdanning ved diplomatakadameiet til Sovjetunionens utanriksdepartement i Moskva.
Etter oppløysinga av Sovjetunionen, då Kviterussland vart sjølvstendig, jobba Sannikaw 1993 til 1995 i den kviterussiske ambassaden i Sveits, før han vart viseutanriksminister i Kviterussland i 1995, tidleg i regjeringstida til den autoritære presidenten Aljaksandr Lukasjenka. Han gjekk av i 1996 i samband med ei folkerøysting som gav meir makt til presidenten. Etter dette har han vor i opposisjon til presidenten og har vore med på å organisera protestaksjonar ved fleire høve, til dømes etter dei forfalska parlaments- og presidentvala i 2001, 2004, 2006 og 2008. Frå 1998 til 2002 var han rektor for Folkeuniversitetet, eit uformelt utdannings- og folkeopplysningsprosjekt.
I 2008 var Sannikaw ein av initiativtakarane til kampanjen Europeisk Kviterussland, som går inn for at Kviterussland skal bli medlem av Den europeiske unionen.[1] 18. november 2010 registrerte han seg offisielt som presidentkandidat ved valet i Kviterussland 19. desember 2010.[2] Etter dei offisielle valresultata kom han på andre plass, med 2,4 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. På kvelden den 19. eller natta den 20. desember vart han arrestert saman med kona, Iryna Khalip, i samband med at opposisjonen sin demonstrasjon mot valresultatet vart slått ned av opprørspolitiet. Ifølgje menneskerettsorganisasjonen Amnesty International vart han alvorleg skadd under arrestasjonen.[3] 11. januar 2011 vart han adoptert som samvitsfange av Amnesty International.[3] I mai 2011 vart Sannikaw dømt til fem års fengsel for å ha "organisert masseuro". USA og Europaparlamentet fordømte denne dommen.[4]
Sannikaw vart lauslaten frå fengsel i april 2012. Seinare same året flykta han til Storbritannia og fekk politisk asyl der. I november 2012 budde han i London.[5]
Sannikaw er gift med den framståande journalisten Iryna Khalip, og har to søner. I tillegg til kviterussisk snakkar han også russisk, engelsk og fransk. I 2005 vart han tildelt den austerrikske Bruno Kreisky-prisen for engasjementet sitt for menneskerettane.[6]
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå russisk wikipedia 11. mars 2011.
Fotnotar |
↑ Пра кампанію «Еўрапейская Беларусь» // www.europeanbelarus.org, på kviterussisk
↑ Андрей Санников зарегистрирован кандидатом в президенты Беларуси // www.charter97.org, 18.11.2010, på russisk
↑ 3,03,1 Amnesty International på engelsk.
↑ "Кандидат в президенты отсидит как президент" frå Gazeta.ru, 16. mai 2011, på russisk
↑ Andrei Sannikov: democratic world is too complacent about Belarus frå The Guardian 23 november 2012 (på engelsk)
↑ BRUNO KREISKY PRIZE
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1954
- Kviterussiske politikarar
- Folk frå Minsk
(window.RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgPageParseReport":"limitreport":"cputime":"0.204","walltime":"0.265","ppvisitednodes":"value":1165,"limit":1000000,"ppgeneratednodes":"value":0,"limit":1500000,"postexpandincludesize":"value":6868,"limit":2097152,"templateargumentsize":"value":1538,"limit":2097152,"expansiondepth":"value":10,"limit":40,"expensivefunctioncount":"value":0,"limit":500,"unstrip-depth":"value":0,"limit":20,"unstrip-size":"value":2825,"limit":5000000,"entityaccesscount":"value":1,"limit":400,"timingprofile":["100.00% 211.011 1 -total"," 97.81% 206.391 1 Mal:Infoboks_politikar2"," 89.68% 189.236 1 Mal:Infoboks"," 22.54% 47.563 1 Mal:Bilete_frå_Wikidata"," 15.62% 32.951 2 Mal:Br_separated_entries"," 3.19% 6.733 1 Mal:KategoriKjønn"," 2.15% 4.536 1 Mal:Fødd"],"scribunto":"limitreport-timeusage":"value":"0.062","limit":"10.000","limitreport-memusage":"value":2061458,"limit":52428800,"cachereport":"origin":"mw1293","timestamp":"20190414055532","ttl":2592000,"transientcontent":false);mw.config.set("wgBackendResponseTime":126,"wgHostname":"mw1274"););